Sunnmørsk NA
Moderator: Styremedlemmer
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Dude, wtf
Helst skulle eg ha parkert bilen for vinteren, avskilta den, fått gjort masse vedlikehald av motor , bytte av travers, montering av veltebøyle, osb.. osb..
Meeeeen, det er så latterlig moro når det kjem litt snøv
Litt må eg få tid til å gjere likevel. Eg har tidligare røla om fettsuging av seta, der eg har fjerna puta som ligg i ryggen. Det gir masse sidestøtte og det er faktisk ok, men du vil merke stålramma i ryggen på sete på lengre turar. Eg har derfor gått til innkjøp av "memory foam" puter på ebay. 200kr for to stykk er billig! men du får det du betalar for då skummet brukar betydelig meir tid på å kollapse samtidig som det er vesentlig hardare enn kjente merkevarer som Wellpur.
Under kan du sjå eine puta som vart ofra heilt til venstre. Eg kjøpte to stykk, men det var nok med den eine.
Den orginale puta prøvde eg å trimme ned, på ein slik måte at den skulle kollapse heilt når den vart belasta. Denne ideen vart forkasta.
Den nye løysinga er enkel og billig - men for å vere heilt ærleg så trur eg at mykje av det samme resultatet kunne vore oppnådd ved å trimme ned den orginale puta.
Eg vil også nemne at dette er veldig enkelt å prøve ut. Det er så enkelt som å klippe 3 stykk "hogrings" i underkant av seteryggen, så er det berre å drage ut trekket frå framsida av seteryggen. 6 stykk ringar festar sjølve fyllet til seteryggen, klipp dei så kan du ta det ut. Når det er gjort er det berre å klippe, skjære, og tilpasse, eventuelt fylle inn gamle sokkar eller høy, eller "memory foam"
1.) Nytt feste wire feste for elektrisk opnar på bakluka. Tidligare var wiren stripsa fast til mekanismen, dette vart sjølvsagt for slakt over tid, så no har eg ordna nytt feste. Festet er ein ringkabelsko som eg har klipt opp for så å klemme rundt metallstanga som går mellom låsesylinder og låsen.
To ekstra oppklipte kabelsko fungerte fint for å klemme sammen wiren.
2.) Understellet får seg litt bank med jamne mellomrom. Der understellsbehandlinga har blitt skrapa av har eg heve på hammerite rett oppå, uten å slipe vekk overflaterust. Det er mest sannsynlig slitt vekk til neste vinter, men det er vel lov å prøve Dårlig ide?
3.) Kinroad buggy! Artig sak kjøpt for ca 5 år sidan, mishandla og skamkjørt, og moro var det. Den treng nye delar, og ein del arbeid. Så den fekk nye eigarar. Så då er endelig grava tom igjen, og eg kan endelig jobbe med bilen uten hinder.
Eg fann nokre gamle takstativ, og eg får med ein gong idear om å gjere denne bilen meir praktisk. Eg har maaaaange idear, og ein del av dei er dårlige. Meget mulig dette er ein av dei dårlige då innfestinga må modifiserast for å få det til å sitte fast både på hardtoppen og bakluka. Eg legg denne på is.
Eg har hatt eit lite irritasjonsmoment der bilen nappar og rykker når eg bremsar på 2. giret ned ei gate der eg bor. Eg innbilte meg at dette kunne vere slappe differensial foringar. Eg henvender meg til internett, og søker "diy engine mount" og det eg finn ut er at eg rett og slett kan dryse inni fugemasse (eller helst 2-komponent ett eller anna fancy shit) i foringa for å gjere den stivare. Dette tenker eg får duge, og eg slepp å trykke foringane ut av diffen. Sweet? tja..
Eg gjekk for denne løysinga - ein rørbit av pvc, kappa ca 3cm lang fylt med fugemasse. Røret støtta opp foringa strukturelt, og når eg monterte på den nedre foringa, så blir det ein del spenn som bidreg til å gjere opphenget stivare. I teorien så ville større rørdiameter gitt meir stivheit.
Å fysisk fylle heile festet med ei stiv fugemasse trur eg hadde vore bedre - men eg droppa dette då eg innsåg at fugemassa ville komme i gjengane på festebolten, og essensielt gjere det heile til eit lite helvete å demontere.
Fungerar det? ja, faktisk. Anbefalar eg dette? Nei, stikk å kjøp stivare diff fester, eller eventuelt slike "poly diff inserts" som vil fungere på akkurat samme måte som å fylle opp med ei fugemasse. DIY metoden min er neppe billigare med mindre du allereie har matriala og utstyret som trengs.
Bilde nr.3 viser min patentere anti-rust taktikk som går ut på å dekke ting med universalfett
Sidan er er så godt igang med shady mechanic stuff så legg eg med denne. diy kat erstattar.
Du treng: 1) billig flex rør frå ebay 2) eksospasta frå biltema 3) 1 stykk sprayflaske med startgass 4) 1 stykk kaputt katalysator for flensar
Det ser ut som dritt. Men det fungerte! heilt tett også! Eg tok meg ein køyretur med dette, og vart raskt minna på kvifor eg skifta ut den tomme katalysatoren min (sjå: http://mx5-miata.no/phpbb/viewtopic.php ... 76#p194276). Rå og brutal lyd! Alt for rå og brutal! Eg fekk kommentarar frå mor mi om at ho kunne høyre bilen når den var godt over 1km vekke, og det var når ho sat inne å såg på tv. Eg syns helder ikkje at det er så kult at det hørest ut som 350 gamp når der i realiteten er mykje mindre.
Demonter og putta i ei skuff. Mykje bedre med katalysator ja. Om du har ei liste med dårlige idear så kan du skrive opp denne.
Men, eg må gi litt kred til biltema sin reprasjonspasta - den fungerar faktisk overraskande bra, i alle fall den eine dagen eg køyrde med dette på bilen.

///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,

Re: Sunnmørsk NA
haha, du skal ha for kreative ideer! merker du noe forskjell på effekt uten katalysator?
Rød NA 1990 mod
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Re: Sunnmørsk NA
Eg syns ikkje der er veldig mykje å hente her, I alle fall Ikkje med mitt oppsett (Raceland manifold (2") - flying miata catback 2,5"). Mest bråk egentlig, eg målte godt over 105db inne i bilen (med ein app).syveri wrote:haha, du skal ha for kreative ideer! merker du noe forskjell på effekt uten katalysator?
Men det er mulig det er noko å hente her for dei som kjører med ladetrykk? I dunno. Eg kan alltids prøve den dagen eg bestemmer meg for å montere kompressoren igjen
Såvidt som eg har lest er det den orginale bakpotta som gir den høgaste restriksjonen.
Eg har sendt deg pm ang. delebilen min
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
Re: Sunnmørsk NA
lurte på dette pga jeg holder på og turbo konvertere min nå.. så du hadde sendt PM. skal gå over og sjekke hva jeg trenger. kommer tilbake til deg!
Rød NA 1990 mod
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Dagens spørsmål
Last edited by Sunnmøring on 22 Dec 2015, 21:25, edited 1 time in total.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
-
- 7200 RPM
- Posts: 1122
- Joined: 03 Jan 2013, 22:24
- Medlemsnummer: 1062
- Location: Oslo - Sentrum
- Status: Offline
Re: Sunnmørsk NA
Er det noen andre steder enn bagasjerommet det er plass til en så schvæææær forsterker?
Miata 1993 1,6 B-package kompressor (MP45)
Jaguar E-type 1968 4.2 Series 1 Open Two Seater
Caterham Superlight R 1998
Specialized Stumpjumper
Straight roads are for fast cars, turns are for fast drivers. -Colin McRae

Min ligger i bagasjerommet. Eneste plassen den passer skikkelig er nedi "hullet". Tenkte å bygge opp noen klosser og legge en tynn plate over for å få en jevnt gulv over. så legger jeg litt verktøy, dekk-rep, osv nedi sammen med forsterkeren. lager så klart hull til luft..
Prøvde å ha den bak passasjersetet, men endte opp med å montere delefilterne der.

1990 1.6
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
den orginale planen
Opprinnelig hadde eg tengt å kjøpe en anna forsterkar, ein "klasse d" forsterkar, som i praksis kan være mykje mindre fysisk og samtidig gi høgare effekt. Eg hadde sett for meg noko ala Power Acoustik CA4-1600D, som ser ut til å være meget kraftig i forhold til størrelsen.
4x 130w mot 4ohm er satans bra i fohold til størrelsen på 7cm x 15cm x 4cm
Lenke: http://poweracoustik.com/product/ca4-1600d/
Slik vart det imidlertidig ikkje, då eg klarte å finne ein relativt billig lokalt i Ålesund. Cadence Chicago; det er også ei tryggheit at eg har erfaring med denne frå før av.
4x 90w rms mot 4ohm. Sidan det er ein klasse a-b forsterkar er størrelsen ukurante 56cm x 18.4cm x 6,7cm
Lenke: http://www.cadencesound.com/chicago/
Effektmessig er begge massemord opp mot høgtalarane eg har tengt å bruke i første omgang. Eg kan lett ta knekken på høgtalarane eg skal bruke med chicagoen.
Forhåpentligvis får eg plass til Chicagoen i tunellen som går ved sida av bensintanken, men eg trur det kan grense til "teen anal virgin" når det kjem til å få den inn. Spesielt utfordrande kan det bli når eg monterar inn halvburet. Forsterkaren vil mest sannsynligvis komme i konflikt med høgtalar elementet også, som eg har tengt å montere i begge tunellane frå bagasjerommet.
Worst case scenario; eg selg Chicagoen for meir enn eg kjøpte den for, så kjøper eg meg en sånn liten en.
4x 130w mot 4ohm er satans bra i fohold til størrelsen på 7cm x 15cm x 4cm
Lenke: http://poweracoustik.com/product/ca4-1600d/
Slik vart det imidlertidig ikkje, då eg klarte å finne ein relativt billig lokalt i Ålesund. Cadence Chicago; det er også ei tryggheit at eg har erfaring med denne frå før av.
4x 90w rms mot 4ohm. Sidan det er ein klasse a-b forsterkar er størrelsen ukurante 56cm x 18.4cm x 6,7cm
Lenke: http://www.cadencesound.com/chicago/
Effektmessig er begge massemord opp mot høgtalarane eg har tengt å bruke i første omgang. Eg kan lett ta knekken på høgtalarane eg skal bruke med chicagoen.
Forhåpentligvis får eg plass til Chicagoen i tunellen som går ved sida av bensintanken, men eg trur det kan grense til "teen anal virgin" når det kjem til å få den inn. Spesielt utfordrande kan det bli når eg monterar inn halvburet. Forsterkaren vil mest sannsynligvis komme i konflikt med høgtalar elementet også, som eg har tengt å montere i begge tunellane frå bagasjerommet.
Worst case scenario; eg selg Chicagoen for meir enn eg kjøpte den for, så kjøper eg meg en sånn liten en.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Re: Sunnmørsk NA
Å bygge anlegg i ein mx5 er ikkje umulig. Berre veldig vansklig.
Forsterkaren får akkurat plass i tunellen på passasjersida, men ikkje når buret er der. Den blir mest sannsynlig putta i bagasjerommet. Hadde lyst å unngå innskrenkning i bagasjeromet, men eg ser ingen andre muligheiter.
Elementa eg hadde tengt å bruke er tiiiiight fit mellom bensintanken og buret. Eg har holdt elementet i alle slags vinklar for å sjå for meg korleis eg kunne bygge ei relativt tett kasse rundt desse, samtidig som alt skal kunne demonterast om der sku være behov.
Eg får plass til elementet slik som vist i bilde, men nei, det er praktisk talt umulig å bygge ei tett kasse. Det eg meinar med "tett kasse" i dette tilfellet er å skille ut heile bagasjerommet, men det er vansklig i praksis, spesielt med tetting rundt buret, og holrommet som setebelte spindelen er montert i.
Den mest realistiske metoda for å få bruke bagasjerommet som ei god kasse er å montere plater i tunellane ved sida av bensintanken. Eg får ikkje montert elementa på innsida pga buret, så dei må då stå meir i bagasjerommet. Igjen, så møter eg ei utfordring med at elementa er for store for å få plass i tunellen. 6" er for stort, 5" hadde vore perfekt.
Plan A) mishandle 6"x9" elementa slik at dei får plass. Dette blir meir som eit pilotprosjekt, der det blir montert for å sjå om eg har sjangs å kalibrere ut god lyd frå dette oppsettet. Idielt sett hadde eg brukt 5" mid-bass element, men det eg har får duge i denne omgang. Der blir ingen synlige hol i hattehylla, men metallplata blir gjønomhola slik at lyden kan passere igjennom teppet bak seta. Målet er at anlegget blir heilt usynlig, men likevel vil vere i stand til å "trykke inn tryne ditt" på høgare volum.
Plan B) Kjøre 6.5 Mid-bass element i dørene, og montere 4 stykk 4" mellomtone element i hattehylla. Dvs, dørene vil fungere meir som ein bass-mellomtone, mens 4" elementa får jobbe med mellomtone og diskant. Alt går via forsterkar.
Plan B er desidert enklast, men då må eg ha synlige element i hattehylla. Eg har vurdert å ha dei nedfelt, og usynlige under teppet, men dette vil då i teorien dempe diskant og mellomtone. Sidan det er akkurat det eg skal ha elementa til, så er det eit dårlig alternativ. På den andre sida så vil eg ikkje ha synlige høgtalarar, då eg syns dette går dårlig med interiøret.
Det totale målet er å bygge eit anlegg som er i stand til å gi ein ok frekvensrespons. Dvs, at frekvensar skal være like godt representert i lydbildet. 100% perfekt er umulig og urealistisk, spesielt i ein mx5, men eg vil i det minste ha eit oppsett som ikkje har store manglar i frekvensresponsen, slik som det er no (dvs, enkelte lydar og instrument forsvinn).
Andre problem: eg manglar spacer tinga som høyrer til på setebeltetårnet, til feste av setebeltet. Dvs desse hylsene ved sida av "G" på bildet.
Hadde ikkje desse frå før då stylebaren hadde desse "innebygd". Er dei strukturelle, eller er det berre for å få setebeltet opp i rett høgde? Kan eg lage nokon sjølv dersom eg finn rør som passar rundt bolten?
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
- Miatapowers
- 7200 RPM
- Posts: 6792
- Joined: 30 Mar 2006, 02:00
- Location: Odda
- Status: Offline
Re: Sunnmørsk NA
Kan sikkert fint lage slike spacere selv om du har kraftig nok rørbiter.. vurderte å space opp med stoppskiver selv, men kom over riktige deler til slutt Aldri skjønt vitsen med så mangen ringer da en stor hadde gjort nytten, men noen har kanskje svaret på det også..
2016 Vw Touran 7s Tdi familievogn
Mx-5 Nb 10TH
2007 Mercedes W204 220CDI AMG.
Mx-5 Nb 10TH
2007 Mercedes W204 220CDI AMG.
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
The struggle is real
Eg har omsider fått montert eine elementet i bagasjerommet. Følelsen av at eg har laga noko fint eksisterar ikkje. Det er helder ein følelse av skam etter å ha lemlesta høgtalar og brukt teip for å feste treplata til karosseriet...
Enda meir moro blir det på andre sida når eg må demontere bensinslangen for å komme til. :p
Med interiøret demontert, har eg også kunne hørt litt rar lyd ifrå eine demparen bake, den som blør. Det gjekk igjønom eu-godkjenninga sist gong, men no som verkstadane risikerar kontroll av kontroll frå biltilsynet, så tvilar eg på at nokon vil ta den risikoen med å "oversjå" den mangelen.
Fun(?)fact: 1 av 200 bilar skal kontrollerast, og kontrollen kan komme asap etter at verkstaden registrerar den aktuelle bilen som godkjent. Eg forutser at dei aller fleste vil slutte å vere kompis pga dette.
I tillegg til dette med demparen har eg steinsprut i synsfeltet, så eg må også ha ny frontrute...
Eg tvilar også på at eg kan ha spacerane montert under EU kontrollen, so då må eg kanskje ha nye boltar i nava også, ettersom eg har kappa ned desse til tjukkelsen av spaceren (20mm).
Der er også eit spørsmål om eg må få skreve inn halvburet i vognkortet. Nytt understell må også skrivast inn..
Pakningar på toppen må skiftast... Eg skulle også fått satt I den nye traversbrygga.
Med alt dette på agendaen har eg levert inn skilta på bilen. Har eg skilta inne i eit halvt år så sparer eg 10 høvdingar på bensin, forsikring og årsavgift. Dette kan då gå til innkjøp av vmaxx, frontrute og anna godis. Spørsmålet er berre om eg klarer å la vere å ta ut skilta når cab sesongen startar igjen :p
Om nokon har lyst til å hjelpe meg å finansiere dette så har eg ein style bar til salg :p og etterkvart vil eg få 3 stk raceland coilovers til salg + 1 fuckd.

Last edited by Sunnmøring on 31 Dec 2015, 15:14, edited 1 time in total.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
Re: Sunnmørsk NA
Jøss. Vakkert! Skulle nesten tro du jobba med sånt.. :p
Blei det ok lyd i det minste da?
Blei det ok lyd i det minste da?
1990 1.6
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Re: Sunnmørsk NA
Har ikkje fått testa noko enda, då motivasjonen brått tok slutt og eg måtte rydde plass til bilen for langtidslagring.
I mitt forsvar angående trearbeidet så var tilpassing og måltakinga det ekvivalente av "360 no-scope" :p
I mitt forsvar angående trearbeidet så var tilpassing og måltakinga det ekvivalente av "360 no-scope" :p
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
- Sunnmøring
- 2000 RPM
- Posts: 260
- Joined: 19 Nov 2013, 18:26
- Medlemsnummer: 1120
- Location: Ålesund\Eidsdal
- Status: Offline
Slow rider
Tida går sakte, og det gjer arbeidet mitt også. Kald garasje, arbeidsbenk fylt med skismurning, og resten av plassen fylt med hagemøblar og anna piss hjelp ikkje på motivasjonen. Men på tross av dårige forhold og begrensa tid så har eg fått gjort litt.
Dette var førre økts ugjerningar. Eg gjekk først til verks med kun ei blikksaks og litt for høg sjølvtillit, noko som eg ikkje skulle ha gjort, då eg nabba vekk litt for mykje til bak støttene til bøylen (heldigvis ikkje godt synlig på bildet, men framleis like låkt i sjela mi) . Utskjeringane i framkant var også vansklig med saks, og resultatet vart ufint, og med det tok heldigvis motivasjonen slutt.
Heldigvis kom eg sterkare tilbake med skikkelige holbor og ei magisk platesaks maskin, typ bosch. Så jobben med å rette opp tidligare ufine kutt var heldigvis relativt lett. Eg fekk også ordna hull slik at lyden får høgtalarane i bagasjerommet får fri passasje. Teppet skal imidlertidig ligge over, så ingenting av dette blir synlig.
Isolasjonen på bildet er 2 x 10mm, type billig billig på biltema. Eg har alltid hatt den der i tilleg til vinylen og den orginale isolasjonen. Nå som eg har satt inn bøylen skal eg skaffe noko anna vinyl/gummi som eg kan tilpasse rundt bøylen. Den orginale vinylen og isolasjonen blir putta i ein pose og gjøymt i garasja, i lag med alt det andre skrotet.
Deksela som er på setebeltetårna har eg måtte trimma ned, konsekvensen av dette er at du ser karosseriet mellom dekselet og teppekanten, håpet er at eg får lagt ut vinylen i dette "gapet" så det blir mindre skjemmande.
Tepper er også montert og tilpassa, men eg gløymte å ta bilde av resultatet...
Ny fronrute er bestilt, uten sota kant i toppen. Følinga mi sei at det er mest rett i forhold til resten av bilen. Det store sjangsespelet er her at eg skal prøve å montere den sjølv, kun fordi eg er gnien. Det einaste eg manglar er pakninga som skal vere rundt og rutelim. Er det nokon som veit kor eg kan få kjøpt dette? Der er alltids ei muligheit for at eg gir opp og sett vekk jobben til verkstad.