Page 9 of 14

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 15 Feb 2016, 23:27
by Sunnmøring
Image

Bildet over, ze problem. Leppa på plastlekselet har måtte lide nedhøvling, så den dekker ikkje like godt ut mot teppet som før. Ein bagatell, kansje, men eg har valgt å gjere noke med det.

Den orginale vinylen og isolasjonen har blitt fjerna til fordel for nytt, og sidan eg ordna ny vinyl som egentlig er gummi, så har eg brukt den til å løyse det førstnemnte problemet.

Bildet under: Bagasjeroms matte, nøye tilpassa halvburet. Det er rilla, så eg har snudd det opp ned for å få glatt overflate der den blir synlig. Tilpassing vart gjort med møysommelig måling og opptegning.

Måling er gjort med mitt alltid nøyaktige hultarfors målbånd - suverent enkel ved innvendige mål, merking av mål uten blyant, og muligheit for å måle diameter på rør ved å måle omkrets. Som tømrar\snekker så brukar eg det kvar dag, og dæven det var godt å bruke i bilen også, ettersom dei fleste mål blir tatt i mellom ting. http://www.hultafors.com/hand-tools/mea ... eter-2m3m/

Image

Image Image

Over, t.v. Gummi ferdig tilpassa mellom deksel og bøyle. Over t.h. Planen var først å ha alt i ein stor bit, men det vart ein miss i opptegninga mi då dei bakre støttene står ca 2cm lenger inn mot senter av bilen i forhold til støttene framme. Løysninga vart å ha ein stor bit midt på, og så tilpasse bitar på høgre og venstre side. Biten som er på bildet var kasta, dei nye fekk litt anna form for å få dei til å ligge fastlåst mellom bøyle og karosseri.

Under, ca ferdig resultat. Teppet må finjusterast litt til. Som finish på det heile har eg lyst å sy ein slags saum rundt kanten på teppet der eg har klipt i det, lik den som er på teppekanten frå før. Litt i tvil om det lar seg gjere, ettersom teppet sikkert ikkje er så kjekt å ha med å gjere i ei symaskin. Alternativ løysing er å sy ca 5000 sting for hand. Det skjer neppe...

Image

Image

Bonusbilde. Eg har i det minste fått plass til bilen :)

anbefalast ikkje...

Posted: 06 Mar 2016, 18:40
by Sunnmøring
Image Image

Høgtalaren på høgresida er allereie montert, det var relativt enkelt, sjølv om eg måtte beskjere elementer på høgda (som vist på bildet over).
No denne helga fekk eg ordna venstresida også, men det var vesentlig vanskligare. Venstresida er ca 1cm smalare, men den er også lavare, pga dekselet som er på hattehylla. Plassen framover i tunnelen er også begrensa pga buret. Å få inn plata var lett, men å få inn elementet var mildt sagt vansklig. Eg endte opp med kappe vekk på både høgda og breidda av elementet. Det gjekk akkurat inn, med litt makt og banning. :twisted:

Slangen til tanken hadde eg trudd eg måtte demontere, men den var overraskande fleksibel, så det lot seg ordne med litt skruing og teip.

Skulle eg gjort dette bedre hadde eg valgt mindre element, 5" x 7" er nok meir passande, eventuelt ein rund 5". Høgda på ramma bør vere maks 14cm, då får du ca. 1cm klaring.
Platene ville eg også ha laga meir nøyaktig, muligens av plast, eller tynnare kryssfiner, ikkje restar av parkett som no :roll: Innfestinga av platene hadde eg gjort med ei "svak" fugemasse (dvs ikkje noko som er umulig å fjerne, som tek7), muligens akryl, og ikkje med teip.

Resultatet er ikkje så veldig fint, det kunne vore bedre. Det positive er at det ikkje går utover bagasjeplassen, og tårn-lagera er framleis lett tilgjengelige. Det gjenstår fortsatt å sjå om dette er ei løysing som kan gi god lyd, såpass at det er verdt alt slitet. :|
Forsterkaren eg hadde kjøpt til dette, blir for stor, så den blir solgt til fordel for ein klasse-d forsterkar som er både lettare og mindre.


Image


Kva blir blir det neste eg skal begynne på? Kansje bytte av frontruta? Det må skje før sommaren i det minste, eg har også planar om å lakke ramma rundt svart. Det kan kanskje bli litt stilig :mrgreen: spørsmålet er om det fungerar bra i lag med krom, som eg har på både felgs, speil og bøyle.

Image

The eBay effect

Posted: 26 Mar 2016, 23:38
by Sunnmøring
Image

Isolert innsug? Tja, why not? Det er ikkje det mest ubrukelige eg har kjøpt på ebay.

Alt er teip. Først eit lag med 3mm skum teip, så eit lag med ein billig reflektiv teip.

Skumteipen isolerar mot den varme lufta som kjem frå radiatoren, mens gullteipen reflekterar varmestråling (i teorien).

Har også eit lag med skumteipen inne i nedre del av luftfilterboksen. Utsida av nedre del skal bli dekt av reflektiv teip, men fekk ikkje gjort dette då eg gjekk tom.

Det er no også mindre lyd frå innsuget, og et tippar det er pga teipen inne i luftfilterboksen.

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 27 Mar 2016, 12:57
by Stalfa
Har du målt noen forskjell på innsugsluften før og etter?
Du er ikke redd for å ødelegge "air-flow'en" når du har teip inne i boksen?

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 27 Mar 2016, 16:54
by Sunnmøring
Stalfa wrote:Har du målt noen forskjell på innsugsluften før og etter?
Du er ikke redd for å ødelegge "air-flow'en" når du har teip inne i boksen?
Eg har heilt ærlig ikkje tenkt på luftmotstand inne i boksen.

Ut ifrå det eg kan huske er det den øvre delen av boksen som er begrensninga på 89-93, då der er ein kvass vinkel inn til lmm, samt at der er kun ein drøy cm mellom toppen av luftfilteret og toppen av boksen.
Sistnevnte er ikkje lenger eit problem lenger (om det var eit problem) då eg har laga ein spacer mellom øvre del og luftfilteret.

Eg trur helder ikkje at teipen dekker noko av filteret si overflate, så eg håper det ikkje er ei dum oppgradering.

Angående temperatur forskjell så har eg ikkje kontroll. Eg har eit uisolert innsug som eg kan sette inn for eventuell måling. Har du nokon ide om korleis eg kan måle dette reint praktisk?

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 28 Mar 2016, 12:37
by Stalfa
Sunnmøring wrote:Har du nokon ide om korleis eg kan måle dette reint praktisk?
Noen borrer hull og setter inn en sensor.
Jeg ville ha satt av noen timer til research før jeg hadde gått i gang, det er nå meg.

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 28 Mar 2016, 13:01
by Lloyd
Slemt og reversere bilde slik! :-)

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 28 Mar 2016, 13:11
by MX-Jon
Hvordan ble lyden i høyttalerprosjektet ditt?

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 28 Mar 2016, 18:04
by Sunnmøring
Stalfa wrote:
Sunnmøring wrote:Har du nokon ide om korleis eg kan måle dette reint praktisk?
Noen borrer hull og setter inn en sensor.
Jeg ville ha satt av noen timer til research før jeg hadde gått i gang, det er nå meg.
Kjøpte akkurat ein temperaturmålar med to eksterne sensorar. Tenker å måle ved innsug, og så skal eg prøve å sette inn den andre i manifolden ved 4. Sylinder.
Har sett eit par andre testar som viser gode resultat, men det spørs om det samme gjeld mx5 :?:
MX-Jon wrote:Hvordan ble lyden i høyttalerprosjektet ditt?
Har ikkje fått kobla opp noko som helst enda :oops: Forsterkaren eg har er for stor, og eg gidd ikkje koble opp kun for å teste. Skal bestille power acoustic ca4, bitteliten, men kraftig. Blir spennende å høre om det er god lyd av den.

Den va liten ja!

Posted: 16 Apr 2016, 00:04
by Sunnmøring
Image

Image

Fekk denne luringen i posten i dag. Positivt overaska over at den kjennest solid ut og at den ikkje så lett som den ser ut til. Det kjennest ut som 'good shit'

Eg fekk plassert den ganske lett bak dekselet i bagasjerommet. Enkelt med tanke på kabling.

Det einaste som manglar er å trekke signalkabel fram til cdspelaren. Eg fekk testa med å koble den rett til mobilen min, og resultatet er veldig lovanvendelse.

Bassen ristar godt i seteryggen, og mellomtonen og diskanten er overaskande bra mtp at der ikkje er hol i teppet bak seta. Den manglar litt trykk på dei djupaste frekvensene (ca 50 - 20hz) men det vil eg kunne forbedre når eg får kobla via cd spelaren og då justert eq og bass derifrå.

:mrgreen: :mrgreen:

Re: anbefalast ikkje...

Posted: 16 Apr 2016, 14:53
by Agility
Sunnmøring wrote: Kva blir blir det neste eg skal begynne på? Kansje bytte av frontruta? Det må skje før sommaren i det minste, eg har også planar om å lakke ramma rundt svart. Det kan kanskje bli litt stilig :mrgreen: spørsmålet er om det fungerar bra i lag med krom, som eg har på både felgs, speil og bøyle.

Image
Joda, svart vindusramme passer med chrome... (Arkiv foto med svart HT og bling bøyla)
Image
Image

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 18 Apr 2016, 13:03
by Sunnmøring
Då blir nok ramma svart! Men det spørs når eg får tid til dette då eg har kjøpt ein fin carport (med tilhørande hus og eigendom) som treng litt kjærleik.
Forhåpentligvis får eg ordna alt før overtakelse. Dvs, lakke ramme, montere inn ny frontrute, montere nye coilovers, skifte reg reim og alle pakningar på topp, samt diverse reimer og anna dill. Resten av kablinga til stereoen må trekkast også. Det blir nok å gjere framover... men det er berre kos. :)

Image

1) Image 2) Image 3) Image 4) Image

bilde nr. 1 er ein heimelaga type spacer, og ei forbedring og forenkling av den tidligare, nr.2. Den gir litt ekstra stivheit i ellers gamle og trøtte diff foringar. Laga av 10mm plast plate. Reodor felgen style. Dette kunne sikkert vore ein del som kunne vere aktuell for 3D printing, kansje også i ein enda meir solid og utfyllande variant.

bilde nr. 3 er også eit av mine "lure" påfunn. Då eg trengte ei ny eksospakning, og ikkje hadde ei som passa, måtte eg lage ei, av... bly. Fordi det var det eg hadde tilgjenglig. Det er uansett bedre enn frieksos :lol:

bilde nr.4 er innmaten i potta. Her har ca 3/4 av matrialet blitt flusha ut via ei lekkasje i lappinga. For ca 1 år sidan skar eg opp potta for å stappe inn nytt isolasjon. http://mx5-miata.no/phpbb/viewtopic.php ... 76#p194276
Då eg lappa sammen potta igjen var der ei lita lekkasje som eg ikkje gadd å gjere noko med, og det har som vist straffa seg.
No er ny isolasjon stappa inn, og lappinga er no festa med naglar og eksospasta. tett og "fint". Lydnivået er no akseptabelt. :mrgreen:

Tempratur i innsug

Posted: 04 May 2016, 19:08
by Sunnmøring
Tidligare i tråden står der om mitt "gull innsug", og i dag fekk eg tatt litt målingar av kor mykje varme som blir tilført innsugslufta før den når motoren.


Image Image Image

Der er ein sensor i opninga på innsuget, og ein sensor i innsugsmanifolden ved 4. sylinder.

Tempraturen ute er rundt 16 grader.

Med varm motor på tomgang blir differansa mellom sensorane bort imot 35 grader.
Det vil seie at lufta blir tilført 35 grader før den når motoren. Duh.

Ved fin landeveiskjøring på lavt turtall i 4. og 5. gir er differansa mellom 25 og 30.
Kansje like greit mtp forbuk då det i teorien vil fungere som eit HAI (hot air intake)?

Ved fullt gasspådrag går differansa raskt ned til 20 - 16 grader.

Ved 6500 omdreiningar med fullt pådrag går differansa ned til 13-14 grader. Men så snart du går ned i turtall igjen stig tempraturen raskt.

Når bilen er parkert og motoren skrudd av, så stig tempraturen i innsugsmanifolden til 70 varme (faktisk målt tempratur)

Er det mulig å bli kvitt differansa på 6500?
Er det verdt bryet?
Vil du kunne måle effekt av å ha 10 grader kaldare innsugsluft ved 6500?

Potensialet, trur eg, kan ligge frå 2000 - 4000 omdreiningar. Mulig å hente ut meir dreiemoment? Hmm?


Til slutt må eg nemne at eg endelig har fått lagt opp det som manglar til stereoanlegget bake. Eg har testa det, og det fungerar mykje bedre enn det eg hadde forventa! God trøkk!

Foreløpig er høgtalarane satt opp som kun bass via "sub out", men eg har tenkt å koble om for å få fullfrekvens via "front out".

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 19 May 2016, 00:26
by Sunnmøring
Denne veka fekk eg enda ein forsterkar i posten, eg har ikkje bestilt den, og ikkje betalt den, verken moms eller frakt - gratis!

So då er spørsmålet om eg skal kjøre begge to parallelt bake, eventuelt bruke den eine framme. Hmmmmmmm.
Eg tippar eg ikkje får tid til å gjere nokon ting med det første.

Vmaxx, frontrute og pakningsett/regreim ligg også å ventar mens fleire titalls timar går tapt i konfirmasjoner og anna fjas. ;)

Re: Sunnmørsk NA

Posted: 19 May 2016, 13:11
by helly
Bra futt i den da? Lyst å selge? :-)
Det blir vel mer skruing etter arbeid osv nå som du får deg carport og egen eiendom ;)

Skal du bytte frontrute selv?