Sunnmørsk NA

Her kan du lage prosjekttråd som også kan nås av personer som ikke er forummedlemmer. Ønsker du din tråd flyttet hit, gi beskjed til moderator!

Moderator: Styremedlemmer

User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Silverboy wrote:He?
I retrospekt ser eg at min forrige post var litt veeel diffus, så la meg forklare; Du tek ca 4-5 mål med dyrkamark, så brakkar du den slik at graset døyr. Då har du ein perfekt arena for grisekøyring.

Neste steg er å legge alt av hemningar, redslar, og alt det du har av mekanisk sympati, i ei lita eske, som du grev ned i ei myr.

Så tek du det du er mest glad i, din mx5, som er senka, å køyrer den full av drit i noko som etterkvart vil ligne ei provosorisk trail bane.
Det er moro, og det kan anbefalast. Ja, alle skvettlappane mine er knekt, og ja, der vart køyrd over ein stein som masserte understellet, litt. Men det var berre action og moro :twisted:

AlanasRogaland wrote:Noe nytt?
Image

Bilen er EU godkjent!
Eg spurte om steinspruten i synsfeltet var eit problem - "ikke noke problem"
Eg spurte om det uorginale nardi rattet var eit problem - "ikke noke problem"
Eg spurte om det var greit med v-maxx coilovers, sjølv om det er raceland som er i vognkortet - "ikke noke problem"
Eg spurte om det var innafor med montert halvbur - "ikke noke problem"
Spurte så om det var greit med 20mm spacer på alle hjul - "det går heilt fin mann"

EG ER NØGD! Men... eg bør nok fjerne halvburet, livsfarlige greier, bokstavlig talt "dødsfint" om eg skulle bli påkøyrd bakfrå.

Frontruta er bytta, det kosta ca 5000kr - men det er så evig verdt det når sola skin! Ein av dei beste "oppgraderingane" eg har gjort, og den einaste gongen eg angra på at eg ikkje har delkasko forsikring.

Image

Kor mange gangar har eg "fiksa" denne potta??????
Dette måtte ordanast kjapt! Men biltema var stengt. I kjent stil fiksar eg med det eg har for hand, for eg SKAL ut å prøve korleis bilen er med sommardekk saman med det nye senkesettet (tidligare kjørt kun med vinterdekk).

Popnaglane på potta hadde løsna, plata var halvveis av, og isolasjonen sånn halvveis vekk.
Ny isolasjon inn > Feste plata med brannfug* og pakningskruar > ferdig

*brannfuga ekspanderar ved 140 grader, og har i følge datablad "ingen" flammepunkt. Det er eigentlig eit produkt vi brukar i branntekniske og lydtekniske skillekonstruksjonar i bygg - men det funkar sikkert fint til eksos også.

Image

Eg mangla då sjølvsagt pakning til flensen også - eg stolar rett og slett ikkje på brannfugemassa her, trur det blir for varmt. Så då blir løysinga slik, og den er heilt banal: eksospasta armert med stålull. :lol: :lol: :lol:

Image

Har køyrd slik no i ei knapp veke og det er framleis tett!
Ny pakning er bestilt, men den blir ikkje montert før det blir frieksos :mrgreen:

Katalysatoren har fått seg ei lita høvling også - eg misteneker att det har vore slik lenge, og at det er dette som har gitt den kule dumpventilaktige lyden ved girskifte.

Reprasjon består av: bøy opp med skrujern > trykk inn eksospasta > bank flatt med ein hammar > dritbra

Det ser faktisk ut til å fungere.

Kansje ei god unskuldning for å kjøpe ein racing katalysator. Cat-delete er ikkje eit alternativ, det har eg prøvd, og det er usaklig bråkete.

Image


Plan, eller ønskeliste, for 2017, muligens 2018,19
- bedre bremser - eg savnar kvassheita som EBC red stuff hadde ved høg temp.
- ny 2" eksos, mindre støy ved cruising i 80km/t (eg har blitt gammal og lei)
- På magisk vis flytte øvre og nedre bærearm framme 15-20mm lenger ut, slik at eg kan droppe 20mm spacer (for no MÅ eg køyre med begge henda på rattet i tilfelle eine hjulet treff hol, hump, katt eller måse)
- frese av 0.5mm av toppen samt litt anna motor fjas
- montere DIYPNP, for så å fjerne luftmengdemålar, har hørt rykter om massive HP GAINS BRUW

Så ja, ønskelista er ganske lik som den i fjor, og året før.
Har hus som skal drenerast på nytt, kjøkken som skal ombyggast, og eit bad som skal ha totalrenovering.
Håper eg får tid til å kjøre bil litt innimellom :roll:
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
Stalfa
7200 RPM
7200 RPM
Posts: 3040
Joined: 19 Sep 2006, 02:00
Medlemsnummer: 968
Location: Ski
Contact:
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Stalfa »

Sunnmøring wrote: EG ER NØGD! Men... eg bør nok fjerne halvburet, livsfarlige greier, bokstavlig talt "dødsfint" om eg skulle bli påkøyrd bakfrå.
Skaff deg en skikkelig bøyle det er verd risikion ved påkjørsel bakfra.
-Stian
'95 'MX-5/Miata 1.8 BRG.
'16 Mazda 6 2.5 Optimum Stasjonsvogn
'06 Toyta Yaris 1.3 COP => går som et olja lyn
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Stalfa wrote:
Sunnmøring wrote: EG ER NØGD! Men... eg bør nok fjerne halvburet, livsfarlige greier, bokstavlig talt "dødsfint" om eg skulle bli påkøyrd bakfrå.
Skaff deg en skikkelig bøyle det er verd risikion ved påkjørsel bakfra.
Det er vel ein skikkelig bøyle eg har? Kva karaktiriserar ein sjiklig bøyle?
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

KORTGIRSPAK adventures

Post by Sunnmøring »

Nye eventyr kvar dag, spesielt dei dagane eg kjøper noko som kan virke liiitt billig på ebay. 400-500kr for en liten shortshift må vel være ein bra deal?
Bra deal for en type som mej i alle fall - men om du vil at alt skal passe perfekt så bør du sjå etter noko anna.

Image Image Image

1. Montert metall foring, girspak uten øvre del montert.
2. Plastforinga i girspaken var litt for stor og ga litt mykje friksjon mot nylonforingane - lett å fikse, med kniv.
3. Der fulgte ikkje med pakning til denne metall foringa, så litt gummiteip gjær susen (for kven har vel tid til å vente på sånt?). Den lille styrepinnen inne i foringa var sjølvsagt litt laus - lett repp med litt gjengeteip.

Image Image Image

1. Der fulgte med 1stk fjør i settet - den store til høgre i bildet. Eg har prøvd fleire kombinasjonar av forskjellige nylonforingar og fjører, og konklusjonen er at du IKKJE bør ha store nylonforingar med store fjører. Du bør minimum bruke ei fjør - dersom du ikkje brukar fjør vil du ende opp med slarkete spak, eller ein spak som står bom fast når du skrur alt saman. Stærkare fjør vil gi meir friksjon, og resultatet blir ein spak som er litt seig. Eg brukte dei orginale fjørene i kombinasjon med to stk store nylonforingar.
2. Denne gummidingsen har sjølvsagt gått i oppløysing. Kven har vel tid til å vente på at en ny skal kome i posten? Teip saves the day!
3. Om eg skulle levd evig ville eg laga alle mine indre organ av tek7. Eg vil også at denne skal leve evig, så eg hadde på tek7.

Shortshift kittet var levert med ei stor skive i staden for den svarte gummi dingsen (Genuine Mazda Lower Shift Boot) - så om eg hadde montert settet som tiltenkt så kunne der komt inn dritt og støv i mekanikken. Eg klarte å vri av "lower shift boot" frå den orginale girspaken å brukte den istadenfor. Då er systemet lukka, og sånn som det bør vær. Den store skiva var igrunn berre å kaste (neida, eg samlar på alt) :mrgreen:

Det må og seiast at skruane som følgte med i settet var nogså shady, dei var nok meint som sekskant boltar, men dei var nesten runde.

Ebay Shortshift - terningkast 6, basert på pris, sjølvsagt. Mvh. Sunnmøring.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Ting har skjedd. Dette må vær DEN BESTE OPPGRADERINGA sia v-maxx coilovers. Extended top mounts!

Problemet på NA er at festet til demparen bygg så mykje ned ifrå karosseriet. V-maxx demparen er også litt lang, og det du endar opp med, utan å senke alt for mykje, er at du har ca 10mm (!!!) fri lengde mellom dempar og bumpstop.

Dette går hardt utover luksusen når du køyrer over fartshumpar og kumlokk i målretta tempo. Det er ein følelse av at bakenden på bilen sprett opp igjen i det demparane botnar. Det er spesielt merkbart på fartshumpane.

Eg har desverre gjort ei lita flause og valgt dei djupaste festa som gir ca 50mm ekstra klaring mot demparen - eg burde gått for 25mm.

Så no, når eg køyrer litt for målretta på ein skabbette veg, smell det.

Coilbind?
A-arma som tek i karosseriet?
Karosseriet som slår ned i vegen?

Dette veit eg ikkje enda - eg treng tips til å finne ut kva det er som smell.

Også, vil noken bytte 50mm topmounts mot 25mm? :) :)
ImageImage

Sent fra min SM-G920F via Tapatalk
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Image

For leeeenge sia, sikkert 2 år sia no, begynte clutchen å lage ein stygg hylelyd, utløserlageret var hovvedmistenkt, men etter ei stund forsvann lyden, på magisk vis. Det fekk gå sin gang, og lyden kom tilbake, igjen, og så kunne den forsvinne ei periode. No når problemet igjen kom tilbake vart det rett og slett flaut å køyre rundt med, så då var det på tide å ta grep.

Svigers stilte opp med garasje og seg sjølv. Eg hadde allereie det eg trengte av diverse delar, trudde eg - heilt til eg kom på at det kunne være greit å skifte simringen på veiva også. Kjekt at Helly har alt mulig liggande og kunne låne meg litt matriell :mrgreen:

Image Image

Steike så oss sleit med drivakslingen. Flensane var rusta bom fast. Vi brukte meisel mellom flensane for å få det til å løsne.
Bakhjula sto på ramper, så vi fekk helder ikkje rotert akslingen for å komme til bedre - hadde vi hatt meir IQ hadde vi brukt rampene på framhjula og støttebukkane bake, det hadde gjort liva våre mykje enklare mtp rotering av akslingen for å nå dei 4 fastrusta boltane mellom akslingen og diffen.

Eksos demontert. Girolje tappa. Drivaksling demontert. Girkasse demontert.
clutchplata såg heilt fin ut. Utløyserlageret var også heilt fint. Svinghjul også bra.

Image

Pilot Bearing? Det var totalhavarert og sto bom fast. Den notoriske lyden var tydligvis frå friksjon mellom akslingen i girkassa og kulelageret i svinghjulet. På bildet ser dykk skada som var skjedd på akslingen - og dette ga sjølvsagt slark mot det nye lageret som skulle monterast.
Kva ska du då gjere? skifte girkasse? skifte den aktuelle delen? Skaffe ny del på ein Laurdag? Fleire alternativ vart utforska for å eliminere den aktuelle klaringa mellom nytt lager og "input shaft".
- Locktite/lim/tek7 vil kansje fungere, men det blir helvete å demontere i ettertid igjen.
- teip. Nei, dårlig ide.
- tynn stålforing, produkt som kan bestillast på nett, perfekt! bortsett frå at vi trengte det den dagen...

Heldigvis har vi internett - og etter litt søking fann vi ut at vi kunne banke på akslingen med ein hammar for å få den til å utvide seg i diameter.
Det fungerte. Utrulig nok. Det var vel og merke veldig presis banking og ikkje noko gorillahamring.

Ny clutch inn, ny trykkplate inn, ny simring inn, ny motorolje, nytt oljefilter, ny pilot bearing, nytt utløysarlager.

So då var livet fint, trudde vi. Heilt til vi sku stramme dei to boltane som held ppf til diff. Den fremste klarte eg å stramme heldigvis, men den bakerste.... der spinn den hylsa i toppen rundt, og eg får då ikkje stramma til bolten.
Eg sku sjølvsagt på fest den kvelden, så vi jekka ned bilen, og no køyrer eg rundt med laus diff...

Er det nokon som har forslag til korleis dette kan løysast? Er det lov å sveise dei idiotiske mutterane fast i PPFen?

Neste på agendaen
1. fikse feste til diff
2. tette hull i katalysator (igjen, men denne gongen på ein mindre jalla måte, men framleis svært heimesnekra)
3. jekke opp girkasse/ppf til ei spesifikk høgde og stramme boltane på nytt. Det er tydligvis viktig i forhold til støy frå drivlinja.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
vidarlavoll
6500 RPM
6500 RPM
Posts: 661
Joined: 20 Jul 2010, 11:50
Medlemsnummer: 886
Location: Nærsnes, Røyken
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by vidarlavoll »

Sunnmøring wrote:So då var livet fint, trudde vi. Heilt til vi sku stramme dei to boltane som held ppf til diff. Den fremste klarte eg å stramme heldigvis, men den bakerste.... der spinn den hylsa i toppen rundt...Er det nokon som har forslag til korleis dette kan løysast? Er det lov å sveise dei idiotiske mutterane fast i PPFen?
Mens du venter på brukte muttre som du bestiller her https://www.mx5usedparts.co.uk/mazda-mx ... f-nut.html bruker du sprengskive og vanlig mutter Image
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Takk for tipset vidar!
På tross av det køyrer eg framleis rundt med litt dårlig festa diff Image og eg har enda ikkje bestilt noko..

Tenkte vi sku teste trollstien i helga som va. Svinga til høgre i åndalsnes, køyrde forbi trollveggen. Når landskapet begynte å flate ut spør dama; he oss køyrt feil?

Mmmmmmm

Ja. Avkørselen vi sku ta hadde vi køyrd forbi for ein knapp time sidan... men d va ikkje feil d på en sånn dag.

Køyrde tilbake, og takk gud! INGEN BILAR framføre meg i trollstien!
Med det resultatet at bilen kokte på vei opp, because racecar. Ny temp sensor skal bestillast.

Legg merke til nytt sexy crom bagasjebrett med sexy gammal skinnkoffert :DImage

Sent fra min SM-G920F via Tapatalk
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

I'm ALIVE bitches!

Kort oppdatering;
Motoren lek olje, tilsynelatande både framme og bake, som en gammal mann. Klarte å komme til i går for å bytte O-ringen, om det e lov å sei.
Forhåpentligvis klare den å knipe att, så eg slepp meir søl i carporten... Framsida orka eg ikkje tenke på no.

Radiatoren har vore mistenkt dau! So då fekk eg feilsøke litt. Først sjekka eg om releet fungerte, ved å kortslutte ledniga til sensoren. Det laga klikkelyden det skulle, så det var ok. Ok, kanskje vifta då? kobla ein billadar rett på, og det fungerte fint. Hmmm, var det sensoren da? for sikringa var ikkje gååen. rekna med eg kunne ha sjekka sensoren med eit multimeter, men det hadde eg ikkje. Så i rein desperasjon bytta eg 30a sikringa med ei anna 30a sikring, begge like fine, og då fungerte det! rart? bytta tilbake til den orginale 30a sikringa som sto der før, og då virka det likevel!? MAGI!? Sikkert eira kontakt på sikringa??

Image

Og så! SHORT SHIFT! ja, ok, monterte det for leeenge sia, har ikkje hatt rette delane for åå sette det sammen. Det hadde eg ikkje i går helder, men eg bestemte meg for at eg måtte berre tilpasse det.

Shortshiften er type billig frå ebay - den har m10 1.25 på topp, og passa ikkje til kula eg hadde, men borra opp en adapter og tilpassa. Bildet var tatt før eg var ferdig, så den tjukke adapteren som stikk ut under kula er no vekke - sjølve toppen av stanga så tynn kan eg uten problem holde ballen frå undersida (sa brura), praktisk? tja.. det føles ut som å gire med et gin tonic glass, noko eg kan like.
Den kvite kula, som forresten har raude tal på toppen, skal byttast ut med ei svart, med kvite (eller raude?) tal på toppen. Fordi eg har fått beskjed om at kvitt er harry. Eg hellar litt mot raude tal, sidan ting virkar litt meir alvorlig og seriøst når det står i rødt.

Sjølve skinntrekket, som er svart perforert skinn med raude saumar har eg kjøpt for å matche nardi rattet. Det er faktisk meint til Audi TT, men passa akkurat med litt makt.

Image

Bildet over viser min custom made upgraded high end shift boot. Den er laga av ein oppsprukken shift boot, masse silicon, og 10mm "closed cell foam" - Sia heile denne delen er det absolutt svakaste punktet mtp støy frå veg og eksos så er den verdt å dedikere litt tid til. Du kan sannsynlig bruke andre isolasjonsmatrial også. Teorien er enkel - Masse, som i vekt, stoppar lyd. Isolasjon, mjuke matrial, absorberar/dempar lyd.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Er det sommar snart?

Kanskje eg kan klare å få EU godkjent til våren?

Har fønne meir drit som må fiksast. Eg har fiksa litt. Eg har kasta vekk masse tid på å være gnien.

Takka være Helly som lånte meg litt koningsverktøy så fekk eg ordna nytt bremserør sia det gamle var litt rustent.
Strips gjer det svært enkelt å kopiere det gamle røret nøyaktig.
Image Image Image

Har dreve å leika meg mykje med bremser i det siste. Har fått smørt opp kaliprane bake og framme no, samt fått i EBC greenstuff. Bytta og eit bremserør som nevnt over. I tilleg til det har eg gått laus på den bremse venitil saken (som avbilda). Fila ned fjøra inni omtrent 3-4mm. Føle dette ga meir brems på bakhjula. Eg kunne nok kappa dein meir også, men då hadde den vore laus inne i den bremseventildingsen.

Hadde store problem med handbrekket. Det viste seg å være fastrusta handbrekkwire. Enkelt. Fekk også til å justere handbrekkskuren bake på kalipprane også.

Alt fungert heilt fantastisk godt til eg kjørte meg en tur for å slite av litt bremseskiverust. Uten å ha lest meg opp eller forstått kva "brake glazing" var så bremsa eg og ga gass for å provosere vekk rusta på eine bakskiva. Når eg stoppa for å sjå om det hadde skjedd noko positivt så sto flammane ut av eine framfelgen.

Eg heiv meg inni bilen igjen og køyrde. Det å stå på ein rasteplass, med ein bil full i flamma, uten EU godkjenning, for så å forklare til brannvesen og politi at eg prøvde å slipe vekk rust frå bremseskivene, det blir for flaut.

Eg risikerar helder å dø i eit flammeinferno.

Resultatet er no at skiver og klossar har blitt glasert av kvarandre. Fortsatt fungerande, men veldig redusert når dei er kalde.
Har i ettertid tilegna meg litt kunnskap, og det viser seg at EBC er sokalla "organsike" så dei er mykje snildare med slitasje mot skiva. Eg burde hatt noko som var sjiklig ufint mot skivene. Hawk HP kanskje?

Skal uansett prøve å få slipt av litt overflatebelegg av skive og klossa. Mekanisk. med sandpapir. Kjem sikkert til å oppdatere den tråden her med korleis det fungerar. Forhåpentligvis.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
Hauk
7200 RPM
7200 RPM
Posts: 3030
Joined: 16 Apr 2006, 02:00
Medlemsnummer: 569
Location: Nesodden
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Hauk »

Sunnmøring wrote: 26 Mar 2019, 21:50 Eg heiv meg inni bilen igjen og køyrde. Det å stå på ein rasteplass, med ein bil full i flamma, uten EU godkjenning, for så å forklare til brannvesen og politi at eg prøvde å slipe vekk rust frå bremseskivene, det blir for flaut.

Eg risikerar helder å dø i eit flammeinferno.
Lol. :)
/Jon.
1994 MX-5 1.8 Laguna Blue.
2019 Toyota Corolla TS 2.0 Hybrid
Stalfa
7200 RPM
7200 RPM
Posts: 3040
Joined: 19 Sep 2006, 02:00
Medlemsnummer: 968
Location: Ski
Contact:
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Stalfa »

Morsom post. :)
Sunnmøring wrote: 26 Mar 2019, 21:50 Hawk HP kanskje?
Jeg har hørt mere positivt om Hawk enn EBC. ;)
-Stian
'95 'MX-5/Miata 1.8 BRG.
'16 Mazda 6 2.5 Optimum Stasjonsvogn
'06 Toyta Yaris 1.3 COP => går som et olja lyn
User avatar
Sunnmøring
2000 RPM
2000 RPM
Posts: 260
Joined: 19 Nov 2013, 18:26
Medlemsnummer: 1120
Location: Ålesund\Eidsdal
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by Sunnmøring »

Kjekt å sjå at det er minst to stykk som følge med i tråden :)

Fredag var eg innom Ålesund Motorservice for å spør om sliping av ventilar og ventilsete, samt 1mm avfresing av toppen. Han va svært skeptisk til å ta av 1mm, men han kunne godt gjere det likevel :P han tipsa meg også om at det var kritisk at stempelringane va i orden for å unngå at alt det nye trykket under den ekstra kompresjonen forsvinn ned i blokka. Så då vart eg inspirert til å kjøpe inn litt verktøy for å måle :)

Prisen på gildet blir bortimot 8900kr. For den pengen sku han også glassblåse heile driten for å få den rein.
Ser at listeprisane til Sarpsborg Motorverksted vil gi en sluttsum på omtrent 5000 pluss frakt.
Ser også at slike ventilsetefres sett på ebay kan fås for en 1000kr også. Og eg ser også at eg har ein overfres liggande i boda. Er nokon intressert i å sjå meg plane topp med overfres? Ingenting kan gå gale, eller ka? Det er litt meir min stil å gjere sånt enn å betale proffe folk for kvalitetsarbeid.


Tenkte eg sku teste litt kompresjon da, til å begynde med, berre for å sjå tingenes tilstand. Målinga va tatt med varm motor.
Målingane frå 2015 va tatt med ein anna målar, og muligens på kald motor (huska ikkje so godt), og eg håpe at noko av differansa kjem av det.

syl.1 - 170 psi -- Måling frå 2015 - 185 -- Differanse 15
syl.2 - 153 psi -- Måling frå 2015 - 171 -- Differanse 18
syl.3 - 172 psi -- Måling frå 2015 - 183 -- Differanse 11
syl.4 - 168 psi -- Måling frå 2015 - 190 -- Differanse 22

Kjem eg til å gjer noko med det her? slik som eg også snakka om i 2015? Tvilsamt.

Image Image

Bilde 1. Det her er eg ikkje særlig stolt over. Egentlig har eg ikkje lyst å dele det her, men eg gjer det læll! Bak den vakre metallplata er der eit hol som har størrelse og form lik slappe balla. Har hørt at testikkelhull i bakskjermen gir feil på Eu kontroll så då blir det slik. Rekna med å få det her inkognito med litt rustmasse over, og så kan eg fikse det neste år (kanskje) i forbindelse med fjerning av all tektyl før eg får på ei oljebehandling.
Eg ser desverre at tektylen begynde å løsne enkelte plassa, og bak ser eg mange stygge tendensar til rust. Dette er det verste eg har fønne til no :cry:

Bilde 2. EBAY EG ELSKAR DEG! for knappe 500kr fekk eg 6 stykk av dei kjettinggreiene her. Å gode gud kor det tek seg fram. Sitt som støypt på hjulet, og ja, som dykk kan sjå på bilde får dei hard medfart, men desse har eg konsekvent gått inn for å sjå kor mykje dei kunne tole. Dei har allereie fått meg laus 2 gongar. Det paradoksale her er at du får ein liten Jeep sjukdom, der du må prøve å køyre igjønom og parkere oppi dei værste brøytekantane du finn. :lol:

Image

SJÅ LUFTINNTAKET! har mekka "high flow" bend inn til luftmengdemålaren. Orginalt på 89-93 så er dette bendet ei skarp 90 grader, med firkantform. Absolutt det kjipaste delen av heile innsuget. Så, då vart det saging, klipping, popping og liming.

I tilleg har eg gått laus på AFM og oppgradert den til det eg kallar SHFAFM, eller Super High Flow Air Flow Meter. Du kan og få samme oppgraderinga, alt du treng er ei grov fil og null respekt for estetikk.

Image

Image

Fekk fjerna litt skarpe kanta, 2-3 mm i botn av inngangen, 2mm mot flappetingen, og ein heil del i sida på utgangen.
Tenker vi sei at vi har utvida opninga 2-3 prosent, pluss bedre flow, så då rekna eg med at vi kan sei at dette gir en 5-6 ekstra hesta på topp. Eg fekk tross all 4 i mattematikk, så dette må stemme.

Om det av ein eller anna omstendigheit vere eit avvik i reknestykket mitt så må eg få presisere at placebo effekta har økt med 4-5% For eg FØLER at den dreg med økning i effekt heilt opp til 7000rpm.

God natt.
///// Rammeskjeiv, knust 92 NA. 1.6l med m45 kompressor og Megasquirt diypnp, delebil
\\\\\ Sleten raud, 92 NA. 1.6l, Randall CAI, Raceland 4-2-1 header, Flyin' miata cat-back, Raceland coilovers, uten krengestag, Rota RB, 20mm spacer, Nardi Deep-corn ratt,
User avatar
vidarlavoll
6500 RPM
6500 RPM
Posts: 661
Joined: 20 Jul 2010, 11:50
Medlemsnummer: 886
Location: Nærsnes, Røyken
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by vidarlavoll »

Eg følgar me eg
MX-Jon
7200 RPM
7200 RPM
Posts: 1121
Joined: 03 Jan 2013, 22:24
Medlemsnummer: 1062
Location: Oslo - Sentrum
Status: Offline

Re: Sunnmørsk NA

Post by MX-Jon »

Me too
Miata 1993 1,6 B-package kompressor (MP45)
Jaguar E-type 1968 4.2 Series 1 Open Two Seater
Caterham Superlight R 1998
Specialized Stumpjumper :shock:
Straight roads are for fast cars, turns are for fast drivers. -Colin McRae
Post Reply