I retrospekt ser eg at min forrige post var litt veeel diffus, så la meg forklare; Du tek ca 4-5 mål med dyrkamark, så brakkar du den slik at graset døyr. Då har du ein perfekt arena for grisekøyring.Silverboy wrote:He?
Neste steg er å legge alt av hemningar, redslar, og alt det du har av mekanisk sympati, i ei lita eske, som du grev ned i ei myr.
Så tek du det du er mest glad i, din mx5, som er senka, å køyrer den full av drit i noko som etterkvart vil ligne ei provosorisk trail bane.
Det er moro, og det kan anbefalast. Ja, alle skvettlappane mine er knekt, og ja, der vart køyrd over ein stein som masserte understellet, litt. Men det var berre action og moro
AlanasRogaland wrote:Noe nytt?
Bilen er EU godkjent!
Eg spurte om steinspruten i synsfeltet var eit problem - "ikke noke problem"
Eg spurte om det uorginale nardi rattet var eit problem - "ikke noke problem"
Eg spurte om det var greit med v-maxx coilovers, sjølv om det er raceland som er i vognkortet - "ikke noke problem"
Eg spurte om det var innafor med montert halvbur - "ikke noke problem"
Spurte så om det var greit med 20mm spacer på alle hjul - "det går heilt fin mann"
EG ER NØGD! Men... eg bør nok fjerne halvburet, livsfarlige greier, bokstavlig talt "dødsfint" om eg skulle bli påkøyrd bakfrå.
Frontruta er bytta, det kosta ca 5000kr - men det er så evig verdt det når sola skin! Ein av dei beste "oppgraderingane" eg har gjort, og den einaste gongen eg angra på at eg ikkje har delkasko forsikring.
Kor mange gangar har eg "fiksa" denne potta??????
Dette måtte ordanast kjapt! Men biltema var stengt. I kjent stil fiksar eg med det eg har for hand, for eg SKAL ut å prøve korleis bilen er med sommardekk saman med det nye senkesettet (tidligare kjørt kun med vinterdekk).
Popnaglane på potta hadde løsna, plata var halvveis av, og isolasjonen sånn halvveis vekk.
Ny isolasjon inn > Feste plata med brannfug* og pakningskruar > ferdig
*brannfuga ekspanderar ved 140 grader, og har i følge datablad "ingen" flammepunkt. Det er eigentlig eit produkt vi brukar i branntekniske og lydtekniske skillekonstruksjonar i bygg - men det funkar sikkert fint til eksos også.
Eg mangla då sjølvsagt pakning til flensen også - eg stolar rett og slett ikkje på brannfugemassa her, trur det blir for varmt. Så då blir løysinga slik, og den er heilt banal: eksospasta armert med stålull.
Har køyrd slik no i ei knapp veke og det er framleis tett!
Ny pakning er bestilt, men den blir ikkje montert før det blir frieksos
Katalysatoren har fått seg ei lita høvling også - eg misteneker att det har vore slik lenge, og at det er dette som har gitt den kule dumpventilaktige lyden ved girskifte.
Reprasjon består av: bøy opp med skrujern > trykk inn eksospasta > bank flatt med ein hammar > dritbra
Det ser faktisk ut til å fungere.
Kansje ei god unskuldning for å kjøpe ein racing katalysator. Cat-delete er ikkje eit alternativ, det har eg prøvd, og det er usaklig bråkete.
Plan, eller ønskeliste, for 2017, muligens 2018,19
- bedre bremser - eg savnar kvassheita som EBC red stuff hadde ved høg temp.
- ny 2" eksos, mindre støy ved cruising i 80km/t (eg har blitt gammal og lei)
- På magisk vis flytte øvre og nedre bærearm framme 15-20mm lenger ut, slik at eg kan droppe 20mm spacer (for no MÅ eg køyre med begge henda på rattet i tilfelle eine hjulet treff hol, hump, katt eller måse)
- frese av 0.5mm av toppen samt litt anna motor fjas
- montere DIYPNP, for så å fjerne luftmengdemålar, har hørt rykter om massive HP GAINS BRUW
Så ja, ønskelista er ganske lik som den i fjor, og året før.
Har hus som skal drenerast på nytt, kjøkken som skal ombyggast, og eit bad som skal ha totalrenovering.
Håper eg får tid til å kjøre bil litt innimellom